Fotballsko til Afrika
Richard Hansen, tidlegare HaNo-spelar, har vore i Afrika. Nærmare bestemt i Mombasa, Kenya, og sett at forholda ikkje er akkurat som her heime. Austnesingen har besøkt ein kompis, og engasjert seg i følgjande: Samle inn fotballsko til gatebarn som vil gjere som mange av oss: Leike og spele fotball.

HaNo FK tar gjerne imot brukbare fotballsko frå str. 35 og oppover. Ta dei med til HaNo-festen på laurdag, eller lever til Odd Einar Molnes (Flem) eller Kenneth Ulla (Austnes) innan 25. oktober.

Her er brevet Richard har skrive til Haramsøy skule, og som vi i HaNo har lyst til å vere med på:

Kjære medøyingar

Mitt namn er Richard Hansen, og er tidligare elev ved Haramsøy Ungdomsskule. Nokon av dykk kjenner meg kanskje frå før. I påska i år besøkte eg byen Mombasa i det fattige landet Kenya i Øst-Afrika. Her var eg for å treffe min gode venn Kristoffer Erichsen, som i eit år budde i landet og jobba med fleire prosjekt blant dei mest vanskeligstilte i byen. Han jobba m.a med eit prosjekt som heiter Movers Football Club - ein fotballklubb for gatebarn på øya Likoni i Mombasa. Dette er ein klubb driven av KFUK (Kristen Forening Unge Kvinner) i samarbeid med frivillige norske kvinner og menn, samt ein evnerik, ung lokal mann som heiter Jimmieh. Gjennom Kristoffers innsats har dei no gått frå å ha èin ball til 60 ungar, til å no ha 10 ballar, 10 kjegler, vestar og drakter som dei kan bruker når dei deltek i ein lokal liga for gatebarn i byen.

Då Kristoffer kom heim, diskuterte vi om det var noko vi kunne gjere for denne gjengen no når dei er så langt borte. Vi stod att med spesielt èin idè som vi ville gjennomføre. Kva om vi på desse øyane kunne klart å gjere kvardagen til kanskje oppimot 100 gatebarn lysare gjennom å rett og slett gi dei noko som likevel ville hamna i søpla? Eg tippar det er mange som har brukte fotballsko liggande som av ulike grunnar ikkje er i bruk lenger, men som framleis er brukbare. Det er desse skoa eg håper å halde ute av søpla, og heller samle inn for å sende til Kenya.

Tanken er at det, i likheit med det andre utstyret, skal ligge fotballsko i lokala til KFUK som blir tekne fram til trening. På denne måten deler dei sko, og framtidige ungar på laget får også glede av skoa. Prosjektet er nesten året rundt støtta av frivillige, norske kvinner og menn. Eg kjenner dessutan Jimmieh personlig, og har jamleg kontakt med han gjennom sosiale medium på internett.

Så derfor oppmodar eg alle til å ta ein titt i kjellaren, loftet, boda, skapet og andre stader det kan ligge brukte, men brukbare fotballsko og sende dei med sin eller sine unge, lovande på skulen ........ Skoa vil bli sende til Afrika med Kristoffer Erichsen når han reiser dit seinare i haust.

Mvh Richard

18/10-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: