Hjartestartarkurs
Under HaNo-dagane fekk blei Nordøyhallen tildelt ein hjartestartar av Odd Grande, leiar i Ørskog, Skodje og Haram LHL. Hjartestartaren er meint som gåve til begge øyane vi bur på, og i helga som var gjennomførte 26 personar frå ulike lag og foreiningar her ute eit flott kurs.

Kurshaldar var Tor Erling Johansen, og tilbakemeldingane var veldig gode på opplegget han køyrte. Laurdagen blei lang for erfarne Johansen, som kursa to grupper på ein dag. På ei firetimars økt lærte vi hovudsakleg om hjarte- og lungeredning.

– Arbeidsoppgåvene kan vi lære oss, dei er for så vidt enkle. Vi må likevel tørre å gjere noko, gjentok Tor Erling til oss ofte. I tillegg til livberging og mange døme på tenkte ulykkessituasjonar, fekk vi altså kursing i korleis hjartestartaren fungerer.

Som vi ser på bileta nedom, var vi tre i lag som skulle gjennomføre livberging på ei dokke. Den eine må få kontakt med 113 så fort som råd. Dei to andre sørga for innblåsingar og hjertekompresjonar.

Seaside Custom, UL Fram, Flem skulekorps, Haramsøy skulekorps, KorForOss, Nordøyane Storband, Nordøy IL, Haramsøy IL og HaNo FK var alle representerte på kurset. Vi takkar igjen Odd Grande for innsatsen med å skaffe denne hjartestartaren til oss. Det set vi svært stor pris på.

21/10-11
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: